Biografi om motstandsmannen og forfatteren Ragnar Ulstein

I krig og fred

Biografien er skrevet av journalisten Gunnar Myklebust og utgitt på Det norske Samlaget, og boka ble lansert på Norges Hjemmefrontmuseum den 12. oktober i år. Om denne boka forteller forlaget: Då den andre verdskrigen braut ut, drog den unge Ragnar Ulstein med båt til England, der han blei med i Lingekompaniet. Han fekk opplæring i geriljakrig og var på fleire hemmelege operasjonar i Noreg.

Om denne boka forteller forlaget:

Då den andre verdskrigen braut ut, drog den unge Ragnar Ulstein med båt til England, der han blei med i Lingekompaniet. Han fekk opplæring i geriljakrig og var på fleire hemmelege operasjonar i Noreg.

Etter krigen bytte Ulstein ut pistolen med pennen for å dokumentere viktige delar av den norske motstanden under krigen. Gjennom meir enn tre tiår reiste han landet rundt og intervjua krigsveteranar – englandsfararar, grenselosar, etterretningsfolk og små og store aktørar i dei hemmelege nettverka i motstandsrørsla. Ved Norsk Hjemmefrontmuseum etterlèt han seg eit eineståande arkiv med opptak og avskrifter frå over 1300 intervju med krigsveteranar. Utan hans bidrag ville ein viktig del av norsk historie gått tapt.

I boka til Gunnar Myklebust blir vi kjende med eit menneske som gjennom sitt lange liv var driven av eit brennande hjarte og ein aldri sviktande sans for rettferd. Ulstein er ein av dei siste attlevande motstandsmennene frå krigen. Basert på timevis med samtalar teiknar Myklebust eit personleg og originalt portrett av ein intelligent, humoristisk og prinsippfast mann.